ActiveSystems Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm Oslo

  
Alle nyheter

Lokal nyheter

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Ferje tek kun 12 passasjerarNRK Sogn og Fjordane
Norled opplyser at frakt av farleg last vil redusere kapasiteten på ferjesambandet Lavik - Oppedal på E39. Dette gjeld 0950-avgangen frå Lavik. Ferja vil då redusere kapasiteten til 12 passasjerar.
2017-10-22 20:49:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To mål nærare rekordenNRK Sogn og Fjordane
Kristian Fardal Opseth noterte seg for to nye mål då opprykksklare Bodø/Glimt slo Jerv 4-1 i dag. Med det er den tidlegare Sogndal-spelaren oppe i 25 scoringar - berre to mål frå Daniel Nannskog sin scoringsrekord på 27 mål i 1. divisjon.
2017-10-22 17:48:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Raserte utleigehytteNRK Sogn og Fjordane
Ei utleikehytte på Krokane i Flora skal ha blitt utsett for skadeverk i løpet av natta. Eit TV skal vere bortteke, medan hytta er påført ein del skader innvendig.
2017-10-22 16:48:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Jeger gikk seg fast i VikNRK Sogn og Fjordane
Ein jeger skal ha gått seg fast i bratt terreng kring 1.200 meter over havet ved Grovvotn på Vikafjellet. Redningshelikopter er på veg og Vik Røde Kors er varsla. ? Det er ingen dramatikk, men helikopter er på veg for å løfte han ut. Helikopteret vil vere framme kring klokka 17, opplyser Hovudredningssentralen på Sola.
2017-10-22 16:39:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har vore overlegne første 45NRK Sogn og Fjordane
Kaupanger sitt damelag har vore overlegne og leiar 4?0 til pause i kampen mot Hønefoss. Kaupanger kjempar om opprykk til 1. divisjon, og spelar i dag sin første kamp i eit opprykksgruppespel.
2017-10-22 12:51:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber bøndene halde att i paringaNRK Sogn og Fjordane
Sauebøndene blir bedne om å pare færre sauar i haust. På den måten håpar Norsk Sau og Geit at ein kan hjelpe på i ein vanskeleg marknadssituasjon for sauekjøt, skriv Nationen. Styreleiar i Norsk Sau og Geir, Kjell Erik Berntsen har sjølv bestemt seg for å redusere produksjonen neste år med fem prosent. Ifølgje Berntsen gir Nortura sine prognosar grunn til uro for marknadssituasjonen i 2018.
2017-10-22 10:43:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal vise gatekunst til heile NorgeNRK Sogn og Fjordane
NRK-programmet Norge Rundt er på plass når gatekunsten på ein ny gatevegg i Måløy blir avduka på tysdag, skriv Fjordenes Tidende. Gatekunstprosjektet i byen har blitt svært godt motteke av innbyggjarane, som sjølve har bidrege med tusenvis av kroner inn i prosjektet. Initiativtakar Tone Holvik Eriksen håpar avdukinga neste veke kan bli ein folkefest. ? Vi vil vise at vi heiar på gatekunsten i Måløy, og at vi er ei kjekk bygd som veit å kose oss og ha det gøy, seier ho til avisa.
2017-10-22 08:25:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Meld etter at han laga kvalmNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra likte svært dårleg kontakta han fekk med politiet i Florø like før klokka 03 i natt. Etter at han blant anna viste fingeren til politiet, blir han meld for å ha forulempa ein offentleg tenestemann. Politiet gav også mannen grei beskjed om å halde seg vekke frå sentrum resten av natta, nokon vedkommande nekta å lytte til. Dermed blir mannen også meld for ikkje å følgje politiet sine pålegg.
2017-10-22 08:14:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Var for tung til å ta gulletNRK Sogn og Fjordane
Alexander Kirketeig frå Førde, som no løftar for bergensklubben Odin, tok i går bronse i klassen for menn 83 kilo under NM i styrkeløft utan utstyr. Kirketeig løfta 230 kilo i knebøy, 152,5 kilo i benkpress og 257,5 kilo i markløft, som heldt til ein total på 640 kilo. Det var det same som både gull og sølvvinnaren, men Kirketeig hadde tyngst kroppsvekt av dei tre, og vart difor ståande med bronse.
2017-10-21 21:42:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tok gull utan utstyrNRK Sogn og Fjordane
Signe Elisabeth Belden (Stryn Turn & Idrettslag) tok gull i klasse 63 kilo under NM i styrkeløft utan utstyr. Belden vart ståande med resultata 152,5 kilo i knebøy, 90 kilo i benkpress og 167,5 kilo i markløft. Det heldt til gull samanlagt, ti kilo før sølvvinnaren.
2017-10-21 21:39:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstillingar på ferjesambandNRK Sogn og Fjordane
På grunn av vêrforhold har Norled i kveld måtte avlyse to avgangar på ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39. Avgangen 20.30 frå Oppedal gjekk ikkje, det same gjeld for avgangen som skulle gått no klokka 21 frå Lavik.
2017-10-21 21:03:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk pynta på statistikkenNRK Sogn og Fjordane
Karsten Ellema Bjelde sette sitt andre mål for sesongen då Fjøra vann 1?0 over Herd i siste serierunde i 3. divisjon fotball i ettermiddag. Fjøra var allereie før kampen nedrykksklare, men fekk pynta på statistikken i siste kamp. Med 26 poeng på 26 kampar var det berre Aalesund 2 som gjorde det dårlegare i avdeling 4.
2017-10-21 18:23:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tap for Førde i siste serierundeNRK Sogn og Fjordane
Førde låg under med tre mål til pause då dei i siste serierunde i 3. divisjon fotball møtte Varegg. Ifølgje Firda.no si liveteneste starta sunnfjordingane ei veldig opphenting i andre omgang, men det var ikkje nok med to mål på knappe fire minutt for å ta igjen vertane. I staden la Varegg på til 4?2 like før full tid. Førde endar med det sesongen på ein 8.-plass.
2017-10-21 18:10:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tredje tap på rad for FørdeNRK Sogn og Fjordane
Vertane i Bergen vart ein nummer for store for handballdamene til Førde, då laga møttest til oppgjer i 1. divisjon i ettermiddag. Medan Førde hang med i starten og gjekk til pause berre to mål bak Fana (12-10), fekk dei det tyngre dei siste tretti minuttane. Kampen enda 25?19 i favør Fana. Dermed tapte Førde sin tredje kamp på rad. Etter seks kampar står Førde med berre ein siger, og ligg på 9.-plass på tabellen.
2017-10-21 18:00:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tok førarkort i FlåmNRK Sogn og Fjordane
Ein bilførar vart fråteken førarkortet under ein fartskontroll ved Flåm i Aurland. Vedkommande vart målt til 121 km/t i 80-sona. Ytterlegare fem bilførarar fekk forenkla førelegg. Ein av desse blir melde for å ikkje ha vedteke førelegget.
2017-10-21 14:34:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bryggja gir ikkje opp StadNRK Sogn og Fjordane
Innbyggjarane på Bryggja i Vågsøy gir ikkje opp å følgje med Eid og Selje inn i Stad kommune. Torsdag sa kommunepolitikarane nei til å gi slipp på bygda sjølv om 80 prosent av innbyggjarane ikkje vil inn i Kinn kommune. ? Eg vil tru at fylkesmannen har betre argument for at vi får flytta grensene enn i mot. Det er overveldande fleirtal for det i bygda, seier grendalagsleiar Øystein Hessevik.
2017-10-21 11:18:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Blir framstilt for fengslingNRK Sogn og Fjordane
Mannen i 30-åra som i går vart pågripen med tjuvegods på Vassenden i Jølster blir i dag framstilt for varetektsfengsling. Politiet fryktar at mannen kan øydeleggje bevis og at han kan gjere nye lovbrot. Mannen vart pågripen saman med ei kvinne i 40-åra. Dei to blir sett i samband med fleire innbrot i fylket siste dagane. Også ein mann i 20-åra i Stryn vart pågripen i same saka.
2017-10-21 08:49:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Meld etter krøll med skrivarenNRK Sogn og Fjordane
Ein yrkessjåfør vart politimeld då Statens vegvesen før i dag hadde kontroll på Kjøs i Nordfjord. Vegvesenet sine folk oppdaga at fartsskrivaren ikkje var kalibrert slik det er krav om, og resultatet for sjåføren blei ei politimelding. To køyretøy fekk ikkje køyre vidare frå kontrollplassen før dei hadde fjerna gjenstandar som hindra sikt, medan to førarar fekk med seg skriftlege åtvaringar på grunn av brot på køyre- og kviletida.
2017-10-20 23:01:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har opna tunnel på VikafjelletNRK Sogn og Fjordane
Storehaugtunnelen på riksveg 13 over Vikafjellet er no opna att. Tunnelen har vore stengd sidan i føremiddag etter at ein semitrailer kilte seg fast i kuldeporten midt inne i tunnelen.
2017-10-20 20:30:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sju måtte betale for høg fartNRK Sogn og Fjordane
Utrykkingspolitiet har i dag hatt fartskontroll på riksveg 5 i Sogndalsdalen. Sju førarar har fått med seg eit forenkla førelegg for høg fart. Høgste målte fart var 101 km/t i 80-sona.
2017-10-20 18:26:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får jobb på StortingetNRK Sogn og Fjordane
Ingen frå fylket fekk plass då regjeringa skifta mannskap i dag. Men Kristine Lie (25) frå Sogndal fekk seg ny jobb. Ho blir politisk rådgjevar for Framstegspartiet i transportkomiteen på Stortinget. Ho er for tida partiets einaste bystyrerepresentant i Førde.
2017-10-20 16:59:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stenger tunnelen i tre timarNRK Sogn og Fjordane
Storehaugtunnelen på riksveg 13 over Vikafjellet kan bli stengt i inntil tre timar i kveld. Vegvesenet stenger tunnelen frå klokka 17 for å få laus vogntoget som har sett seg fast i kuldeporten inne i tunnelen. Det er uvisst kor lang tid stenginga vil ta, men Vegvesenet har meldt ut stenging i tidsrommet 17?20.
2017-10-20 16:43:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har fjerna bilane på E39NRK Sogn og Fjordane
Bilbergar har no fjerna dei to bilane som var involvert i eit trafikkuhell ved Askvollkrysset på E39 i Førde. Uhellet har ført til ein del kø gjennom sentrum, men no er vegen opna for fri ferdsel.
2017-10-20 16:08:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nytt uhell på E39NRK Sogn og Fjordane
To bilar har vore involvert i eit trafikkuhell på E39, denne gongen ved Askvollkrysset i Førde. Politiet melder at det ikkje skal vera personskade. Det er manuell dirigering på staden og det har blitt køar på E39. Tidlegare køyrde ein lastebil og ein personbil av vegen ved Myrmel, litt lengre sør på E39.
2017-10-20 15:37:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mindre bilar kan passereNRK Sogn og Fjordane
Det er trafikkredigering i Storehaugtunnelen på riksveg 13 over Vikafjellet. Mindre bilar kan passere, medan større køyretøy ikkje kjem seg gjennom. Tunnelen har vore stengt sidan eit vogntog køyrde seg fast kuldeporten tidlegare i dag.
2017-10-20 15:15:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt på VikafjelletNRK Sogn og Fjordane
Storehaugtunnelen over Vikafjellet riksveg 13 er stengd. Eit vogntog har køyrt seg fast i kuldeporten, melder Statens vegvesen. Berging er bestilt, men det er uklart kor lang tid det vil ta å få fjerna vogntoget.
2017-10-20 11:54:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fire kunstnarar får stipendNRK Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane fylkeskommune har delt ut fire kunstnarstipend. Dei som får arbeidsstipend er Aud Marit Skarrebo Holmen i Gloppen (50.000 kroner), Karen Helga Maurstig og Gro Marie Svidal, begge Jølster (35.000 kroner kvar). Stipendet til unge kunstnarar i etableringsfasen går til Ole Nilssen i Jølster. Han får 50.000 kroner.
2017-10-20 10:09:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må ut med 22.000 krNRK Sogn og Fjordane
Ytterlegare åtte aksjonistar er i tingretten dømde til bøter etter at dei lenka seg fast til anleggsmaskinene på Engebøfjellet i februar 2016. Sju av aksjonistane må betale bøter på 10.000 kroner kvar, medan den åttande må betale ei bot på 22.000 kroner. Han vart arrestert to gonger. I alt vart 86 personar arresterte då dei forsøkte å stoppe prøveboringa til Nordic Mining på Engebøfjellet i Naustdal.
2017-10-20 06:53:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Veit ikkje kvifor bil tok fyrNRK Sogn og Fjordane
Politiet har framleis ikkje funne svar på kvifor ein hybridbil byrja å brenne i Almenningstunnelen i Vågsøy sist veke, det skriv Fjordenes Tidende. Kvinna som var i bilen kom uskadd frå det, etter at ho klarte å få bilen ut av tunnelen før flammane tok tak for alvor. Lensmann i Vågsøy, Nils Bakke, seier til avisa at dei må sjå kva svar dei kan få av ei teknisk undersøking som skal gjerast neste veke.
2017-10-19 22:09:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Åtvarar mot farleg varebil-trendNRK Sogn og Fjordane
Mange transportselskap unngår norske reglar ved å bruke varebilar i staden for lastebilar. No fryktar styresmaktene fleire ulukker på vegane.
2017-10-19 20:34:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ikkje gje slepp på BryggjaNRK Sogn og Fjordane
Fleirtalet i kommunestyret i Vågsøy meiner det ikkje er grunnlag for at innbyggjarane på Bryggja, Totland og Maurstad skal få viljen sin om å bytte kommune. I vinter la bygdefolket der fram eit ønske om å få flytta kommunegrensene, slik at dei i framtida i staden blir ein del av den nye kommunen med Eid og Selje. Med 18 mot 8 stemmer sa kommunestyret i Vågsøy i dag nei til endring av grensene. ? Vi meiner vi kan gje dei eit betre tenestetilbod enn dei kan få andre plassar, som er til det beste for alle innbyggjarane i kommunen, seier Arbeidarparti-ordførar Kristin Maurstad (bilete). Innstillinga frå kommunen blir no sendt Fylkesmannen, som skal gje sitt råd vidare til departementet.
2017-10-19 20:23:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Røyklukta kom frå PortugalNRK Sogn og Fjordane
Forskarane har no funne forklaringa på røyklukta mange på nordvestlandet kjende tysdag morgon. Det skriv Firdaposten. Ifølgje kommunikasjonssjef Christine Forsetlund Solbakken i Norsk institutt for luftforsking kom røyklukta frå dei mange skogbrannane som herjar i Portugal.
2017-10-19 19:15:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Norsun doblar produksjonenNRK Sogn og Fjordane
Norsun i Årdal skal meir enn doble produksjonen og tilsette mellom 80 og 100 nye personar. Bedrifta som produserer delar til solceller opplever ein sterk auke i etterpsurnaden. I dag fekk bedrifta innvilga eit lån hos Innovasjon Norge på 20 millionar kroner.
2017-10-19 19:14:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dukka opp att i FørdeNRK Sogn og Fjordane
Liften som i dag tidleg vart meldt stolen i Vadheim har dukka opp att. Firda skriv at den i ettermiddag vart funnen att i Førde.
2017-10-19 16:16:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må berge betongbil på fylkesveg 55NRK Sogn og Fjordane
Ein betongbil som har køyrt delvis av vegen på fylkesveg 55 ved Gaupne i Luster må bergast. Vegen blir stengd, og arbeidet vil ta tid, melder Statens vegvesen. Men det er lokal omkøyring for personbilar som etter kvart vil bli dirigert.
2017-10-19 13:57:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt grunna øvingNRK Sogn og Fjordane
Breisvortunnelen langs E39 aust for Nordfjordeid blir stengd i to timar på grunn av øving for naudetatane. Dette gjeld mellom klokka 13 og klokka 15, melder Statens vegvesen. Personbilar kan køyre via Lote og Fv 698 langs Innvikfjorden, ifølge Statens vegvesen. Utrykkingskøyretøy kan passere.
2017-10-19 13:25:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politiet etterlyser bilNRK Sogn og Fjordane
Politiet ønskjer tips viss einkvan har sett ein Mitsubishi Pajero med registreringsnummer RH90100 i Sunnfjord-området. Dei som eventuelt har sett bilen vert bedne om å ringje 02800.
2017-10-19 13:12:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fengsla i 18 dagar for valdNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra er dømd til fengsel i 18 dagar etter å ha slått ein annan mann i ansiktet i Sogndal i fjor sommar. Mannen er tidlegare dømd for vald, blant anna i 2012. Han tilstod slaga og fekk med det ein strafferabatt på 16 dagar.
2017-10-19 12:51:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Må i fengsel etter ruskøyringNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 30-åra frå Sogn er i tingretten dømd til fengsel i 22 dagar for å ha køyrt bil med promille. Han må og betale ei bot på 40.000 kroner, samstundes som førarkortet vert inndrege i to år.
2017-10-19 08:52:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tjuvar har stole liftNRK Sogn og Fjordane
Politiet etterlyser ein lift av merke OMME 1250 EB. Liften har tjuvar forsynt seg med frå ei verksemd på Vadheim.
2017-10-19 08:29:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna nytt innovasjonssenterNRK Sogn og Fjordane
I dag opna det nye innovasjonsbygget på Fosshaugane Campus i Sogndal. 4000 personar er innom Fosshaugane kvar dag, på eit område som husar elevar og studentar, næringsliv, forsking og toppidrett. Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, seier det nye senteret er vil vere eit viktig bidrag til utviklinga av kunnskapsmiljøa i Sogndal.
2017-10-18 22:03:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

16 førarar fekk mangellappNRK Sogn og Fjordane
Tre sjåførar fekk ikkje køyre vidare etter at Statens vegvesen fann tekniske manglar på køyretøya deira under ein kontroll i Førde i dag. Ein moped vart og avskilta på grunn av at den var trimma. I alt fekk 16 sjåførar skriftlege reaksjonar på grunn av tekniske manglar på køyretøya.
2017-10-18 20:15:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Opna første flytande vindmølleparkNRK Sogn og Fjordane
I dag opna Statoil verdas første flytande vindpark utanfor kysten av Skottland. Det er derimot ikkje aktuelt å satse på denne typen vindmøller utanfor norskekysten, ifølgje olje- og energiminister Terje Søviknes.
2017-10-18 20:14:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gir rabatt til dei miljøbevissteNRK Sogn og Fjordane
Reiarlag som tenkjer på miljøet skal få rabatt i norske cruisehamner. Dei største cruisehamnene i Norge har blitt samde om ein modell der dei skal finne ut kor mykje det enkelte cruiseskip påverkar miljøet. Dette skal så koplast opp mot hamneavgifta, det skriv nettavisa Sysla. Det er Bergen Havn som har tatt initiativ til arbeidet. Bergen er i dag den største cruisehamna i landet, og får rundt 300 anløp og ein halv million cruisepassasjerar innom byen i år.
2017-10-18 18:52:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gudvangatunnelen open NRK Sogn og Fjordane
Gudvangatunnelen er no open att. Eit brannslukkingsapparat var fjerna og tunnelen stengde automatisk. Ein times tid seinare vart den stengt på nytt.
2017-10-18 14:16:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ferje fraktar farleg lastNRK Sogn og Fjordane
På ferjesambandet Lavik-Oppedal blir det redusert kapasitet på ferjeavgangen klokka 1630 frå Lavik. Då skal det transporterast farleg last, og det blir berre plass til maksimalt 12 passasjerar.
2017-10-18 13:59:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Problem på GaularfjelletNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 13 over Gaularfjellet er stengd for køyretøy som er breiare enn to meter. Årsaka er at eit vogntog har stoppa like ved Utsikta. Eit anna vogntog står rett bak, opplyser vegvesenet.
2017-10-18 13:50:27  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gudvangatunnelen stengtNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen melder at Gudvangatunnelen på E16 er stengt. Årsaka er at eit brannslukkingsapparat er fjerna og då vert tunnelen stengt automatisk.
2017-10-18 13:40:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Åtvarar mot harepestNRK Sogn og Fjordane
Det er funne harepest på fleire daude harar som er funne på Østerbø i Aurland, skriv Sogn Avis. Viltforvaltar Knut Fredrik Øi seier at dei fatta mistanke til harepest etter at dei på seinsommaren og i haust fekk melding om seks daude harar. To av dei vart sende til veterinærinstituttet i Oslo, der dei altså fekk stadfesta at det er harepest. Sjukdomen er svært smittsam og kan overførast frå dyr til menneske, gjennom direkte kontakt.
2017-10-18 13:12:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tener meir på turistaneNRK Sogn og Fjordane
Aurland Ressursutvikling hadde i perioden 1. mai til 31 august ein omsetnad på 163,3 millionar kroner. Det er ein auke på 32,5 millionar kroner samanlikna med same periode i fjor, skriv Sogn Avis. Konsernsjef Solrun Hjellflat (biletet) seier veksten er knytt til auke i talet på besøkande som nyttar Flåm sine aktivitetar, i tillegg til at dei tener meir pengar på kvar besøkande.
2017-10-18 07:01:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stansa mann utan førarkortNRK Sogn og Fjordane
I Førde har UP stansa ein mann i slutten av 30-åra som køyrde bil utan å ha sertifikat. Mannen er avhøyrt og meldt til politiet.
2017-10-17 21:16:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vegen er openNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 ved Marheimsgilet sør for Gaupne er no open for alminneleg ferdsel.
2017-10-17 21:11:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Personbilar kan passereNRK Sogn og Fjordane
På Fv 55 ved Marheimsgilet like sør for Gaupne er det no opna for at personbilar kan passere staden der eit vogntog mista lasset og sperrar delar av vegen. Vegen er stengt for store køyretøy.
2017-10-17 19:50:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fylkesveg 55 er stengd NRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 mellom Indre Hafslo og Marifjøra er stengd ved Marheimsgjelet på grunn av bilberging. Vegen vil vere stengd i ein time. Det er lange køar på staden etter at ein semitrailer har mista lasset.
2017-10-17 18:37:12  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nynorskpris til VG-redaktørNRK Sogn og Fjordane
Målprisen 2017 går til Gard Steiro, ansvarleg redaktør i VG. Han får prisen frå Noregs Mållag mellom anna fordi han har mjukna opp språkpolitikken i avisa, og at det er blitt enklare for journalistar i avisa å skriva på nynorsk.
2017-10-17 15:39:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Namnet frigittNRK Sogn og Fjordane
Det var 62 år gamle Vidar Fardal frå Sogndal som omkom i trafikkulukka på E16 ved Nakkagjelstunnelen i Voss kommune i går, då ein buss og eit vogntog kolliderte. Namnet har blitt frigitt i samråd med familien.
2017-10-17 14:39:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tre vil bli rådmann i KinnNRK Sogn og Fjordane
Det har meldt seg tre søkjarar til ei nyoppretta stilling som prosjektrådmann i nye Kinn kommune. Dei tre er Terje Heggheim (noverande rådmann i Flora), Thorbjørn Gaarder, Oslo og Daniel Dyakov frå Rogaland.
2017-10-17 13:26:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Etterforskar framleisNRK Sogn og Fjordane
Politiet etterforskar framleis årsaka til at krabbefabrikken på Atløy i Askvoll kommune brann på nyttårsaftan i fjor. Det skriv Firda. ? Vi jobbar framleis med saka, seier lensmann i Askvoll og Fjaler, Åge Løseth til avisa. Målet er å bli ferdig med etterforskinga før året er omme.
2017-10-17 10:53:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå direkte frå FylkestingetNRK Sogn og Fjordane
Fylkestinget har i dag møte i Florø. Her kan du sjå det direkte (ekstern lenke).
2017-10-17 10:05:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kastar slakteavfall langs veganeNRK Sogn og Fjordane
Politiet ber jegerane kvitte seg med slakteavfall på skikkeleg vis. Det skriv Firdaposten. Oppmodinga kjem etter at politiet for tredje gong i løpet av kort tid har fått melding om slakteavfall frå jakta i avfallsconteinarar langs vegane.
2017-10-17 07:34:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppretta pårørandetelefon NRK Sogn og Fjordane
Politiet har oppretta ein pårørandetelefon etter ulukka på E16, der ein buss frå Sogn var involvert. Pårørandetelefonen kan du nå på telefonnummer: 815 02 800.
2017-10-16 16:58:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Scora fem i europacupenNRK Sogn og Fjordane
Handballspelar Hege Bakken Wahlquist frå Årdal noterte seg for fem scoringa då laget hennar Silkeborg-Voel slo det franske laget E.S Besancon Feminin. Dei leda med seks mål til pause, men vart pressa hardt i andre omgang og vann til slutt 27?26.
2017-10-16 11:21:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kan søke om kompensasjonNRK Sogn og Fjordane
Kommunar som busette færre einslege mindreårige enn dei gjorde vedtak om for 2016 kan søke om kompensasjon for kommunen sine utgifter knytt til førebuingsarbeidet. Det melder Fylkesmannen på si nettside. Totalt har fylkeskommunen fått tildelt 407.900 og kommunar med over 5000 innbyggjarar kan søke om 16600 kroner. Mindre kommunar kan få 24400 kroner.
2017-10-16 10:50:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fem på draumelagaNRK Sogn og Fjordane
Førde volleyballklubb er representert med fem spelarar på draumelaga etter kampane i helga. Dette er Rebekka Bahr, Karoline Fauske og Marianne Knudsen på damelaget. Av herrane kom Oskar Raftevoll og Lars Fredrik Tvinde med. Både dame- og herrelaget står med fire av fire moglege sigrar så langt denne sesongen.
2017-10-16 09:41:16  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Brått fekk ein annan jobben hennarNRK Sogn og Fjordane
Kristine Brix Longfellow har permisjon frå fastlegejobben i Høyanger. Brått oppdaga ho at ein annan var tilsett i jobben hennar, og at pasientane hadde fått brev om at ho hadde slutta, skriv Firda. Brix Longfellow, som har vore lege i Høyanger i 10 år, er skuffa over korleis kommunen har behandla ho. Assisterande rådmann, Kjell Ese, skuldar på kommunikasjonssvikt.
2017-10-16 07:59:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk 60.000 kroner i botNRK Sogn og Fjordane
Ein sunnfjording i 30-åra må betale 60.000 kroner i bot etter at han ei septembernatt i fjor køyrde bil i narkotikarus. Sogn og Fjordane tingrett såg straffeskjerpande på at mannen også tidlegare er dømd for tilsvarande forhold, men gav likevel strafferabatt for tilståinga.
2017-10-16 07:55:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Er imot storfylketNRK Sogn og Fjordane
Høgre-nestor og Gaular-ordførar Mathias Råheim seier han er imot eit samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane. Det skriv Firda. Råheim seier at samanslåing av berre desse to fylka ikkje gir eit sterkt nok politisk tyngdepunkt i kampen om ressursane.
2017-10-16 07:50:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kraftig vind på NordvestlandetNRK Sogn og Fjordane
Meteorologene opplyser at observasjoner fra de siste timene viser kraftig vind på Nordvestlandet. Det går nordover og har nå begynt å minke i Sogn og Fjordane, skriver de i en Twitter-melding like før klokken 03.00 natt til søndag.
2017-10-16 03:08:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Siger til både damene og herraneNRK Sogn og Fjordane
Volleyballdamene frå Førde vann i dag med 3-1 i sett i bortekampen mot Koll, og har med det vunne sin fjerde kamp på rad. Herrane vann også etter ein dramatisk kamp mot Koll med 3-2 i sett.
2017-10-15 20:42:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køkaos på E39 ved JølstravatnetNRK Sogn og Fjordane
Ein innringar har tipsa om at det er mykje kø og til tider kaos på den lysreguleringa langs Jølstravatnet som ligg nærmast Førde. Det skal vere dårleg veg med mykje holer i og somme stader mykje overflatevatn i området.
2017-10-15 16:53:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kaupanger serievinnarNRK Sogn og Fjordane
Kaupangerdamene vann dagens avgjerande 2. divisjonskamp mot Fyllingsdalen 1?0. Dei er dermed serievinnarar og eit steg nærmare spel i første divisjon neste sesong.
2017-10-15 16:07:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stengt på grunn av rasNRK Sogn og Fjordane
Fylkesveg 55 Luster - Skjolden er stengt på grunn av steinras.Vegen er stengt ved Kvalsviki, opplyser Statens vegvesen.
2017-10-15 11:29:26  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

3?1 til Førde-herraneNRK Sogn og Fjordane
Herrelaget til Førde Volleyballklubb slo i kveld BK Tromsø 3?1 i Tromsøhallen. Settsiffera vart 17-25, 20-25, 25?23 og 21?25. Førde Volleyballklubb ligg saman med TIF Viking på topp på tabellen med ni poeng kvar etter tre spelte kampar.
2017-10-14 20:04:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Siger til Førde-dameneNRK Sogn og Fjordane
I eliteserieoppgjeret mellom Førde Volleyballklubb og Oslo Volley vann Førde-damene 3?1. Settsiffera vart 25-22, 22 ? 25, 16, 25 og 18?25. Med tre kampar spelt ligg Førde no på toppen av tabellen med ni poeng.
2017-10-14 19:23:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Berga plassen NRK Sogn og Fjordane
Daniel Kvalvågnes brukte berre 30 sekund på å sende Førde i leiinga, i sigeren som berga plassen i 3.-divisjon. Deretter melde Øystein Myrkaskog seg på med ei scoring etter 17 minutt, skriv Firda. Fjøra fekk få minutt seinare ei redusering før Vegard Savland sette inn 3?1 minuttet etter. Dette vart også sluttresultatet.
2017-10-14 18:25:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

NM-bronse til Holsen KyteNRK Sogn og Fjordane
Karoline Holsen Kyte frå Førde sprang inn til 3.-plass under NM i terrengløp, lang løype (6 km), i Vik i dag. Eli Anne Dvergsdal frå Jølster kom på 5.-plass på den same distansen. Live Solheimdal frå Sportsklubben Vidar blei noregsmeister.
2017-10-14 13:58:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Måløyværing vidare i The VoiceNRK Sogn og Fjordane
Andrea Santiago Stønjum (16) frå Måløy gjekk i går kveld vidare i den direktesende songkonkurransen «The Voice» på TV 2. Ho song Katy Perry-låten Chained to the Rhythm, og imponerte dommarane. ? Du har absolutt alt. Du leverer veldig bra vokalt, og er god på det rytmiske. Du er leiken og intuitiv, sa Morten Harket om Andrea.
2017-10-14 09:24:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mistenkt for ruskøyringNRK Sogn og Fjordane
Ein bilførar i 20-åra vart fredag kveld stogga på Nordfjordeid mistenkt for ruskøyringa. Politiet har kverrsett førarkortet og vedkomande vart teken med for blodprøve.
2017-10-13 21:27:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

44 mista lappen over RomarheimNRK Sogn og Fjordane
44 personar har mista lappen på E39 over Romarheim på vegen mellom Sogn og Fjordane og Bergen i perioden 2015 og fram til i dag, det skriv avisa Nordhordland. Den 15 kilometer lange strekninga mellom Masfjordtunnelen og Litle Urdaltunnelen skil seg ut som ein versting på fart, og har dermed høg risiko for alvorlege ulykker, ifølgje Utrykkingspolitiet. 17 bilar er målt i ein fart over 120 km/t, og høgaste fart har vore på 154 km/t viser statistikken frå UP.
2017-10-13 18:30:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Får løyve til utvidingNRK Sogn og Fjordane
Regjeringa har i dag gjeve løyve til at Sogn og Fjordane Energi får utvide kraftverket i Åskåra i Bremanger ved å byggje Bredvatn kraftverk og regulere Øvre Bredvatn. Bredvatn kraftverk vil produsere om lag 275 gigawattimar med straum, noko som svarar til 3400 husstandar. Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) seier at dei har tatt omsyn til natur og miljø når dei no har gjeve løyve til utbygginga.
2017-10-13 16:16:33  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innbrot på VassendenNRK Sogn og Fjordane
På Vassenden har det vore innbrot i eit bustadhus. Politiet har vore på staden og gjort undersøkingar. Mellom anna skal tjuven eller tjuvane ha teke med seg ein telefon, eit fotoapparat og eit førarkort.
2017-10-13 14:13:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stal alkohol i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Politiet melder at det har vore innbrot i ei bedrift i Florø der nokon har stole alkohol. Politiet er på staden for å gjere undersøkingar.
2017-10-13 14:10:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå ellevill fotballkamp i SogndalNRK Sogn og Fjordane
Studentleikane held fram i Sogndal, no med ellevill showkamp. Sjå Sogndal fotball si livesending her.
2017-10-13 13:44:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ulukke i ÅrdalNRK Sogn og Fjordane
Ein tilsett på ein båt som låg til kai på Årdalstangen er sendt til Førde sentralsjukehus med brannskader etter ei ulukke. Vi kjem attende med meir.
2017-10-13 10:49:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Rår frå konsesjon til kraftverkNRK Sogn og Fjordane
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rår sterkt frå at det vert gitt konsesjon til Melkevoll kraftverk i Storelva i Oldedalen. Dette på grunn av store synlege inngrep og periodevis sterkt redusert vassføring i eit verna vassdrag. Melkevoll Elvekraft SUS har søkt om konsesjon for eit kraftverk med inntak i Storeelva ved Melkevoll Bretun. Fylkesmannen meiner at utbygginga vil redusere landskapsopplevinga av elva i eit område som er viktig for friluftsliv, samt ein innfallsport til Jostedalsbreen nasjonalspark.
2017-10-13 10:21:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Samsending med HordalandNRK Sogn og Fjordane
Grunna NRK Hordaland si flytting frå Minde til mediebyen i Bergen sentrum, blir radiosendingane frå NRK Sogn og Fjordane fredag og laurdag også sende i Hordaland. Sendingane frå Førde inneheld dermed nyhende og aktualitetar frå begge fylke.
2017-10-13 07:55:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Håpar på snarleg normal driftNRK Sogn og Fjordane
Ferjesambandet Måløy - Oldeide har ei tid vore innstilt grunna tekniske problem. Det melder Fjord1. Det var venta at ferja skulle vere i drift att frå klokka 08, men no er det venta at ferja vil vere i normal drift att med første avgang 0950 frå Måløy.
2017-10-13 07:36:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Dumpa slakteavfall i søppelspannNRK Sogn og Fjordane
For tredje gang i haust er det dumpa beingrinder sitt i bosspann på fylkesveg 651 i Stigedalen. ? Dette er IKKJE rette plassen å kvitte seg med slikt avfall. Her må jegerane ta ansvar og finne andre løysningar, skriv Vest politidistrikt i Sogn og Fjordane på Twitter. Dei minner om at bosspanna er tiltenkt rasteplassane langs vegen.
2017-10-13 07:03:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Hallvard Klakegg ny direktørNRK Sogn og Fjordane
Hallvard Klakegg (46) frå Jølster er tilsett som ny direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Han tek over etter Kjell Sandnes som gjekk av med pensjon i sommar. Klakegg har arbeidd 20 år i Sparebanken Sogn og Fjordane, der han i dag er direktør for privatmarknaden.
2017-10-12 20:20:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Høg fart på ByrkjeloNRK Sogn og Fjordane
Ein bilførarar vart i ettermiddag fråteken førarkortet og 15 bilførarar fekk forenkla førelegg for høg fart i 60-sona på Byrkjelo. Høgste målte fart vart 86 kilometer i timen.
2017-10-12 20:16:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tap for Førde-dameneNRK Sogn og Fjordane
Handballdamene til Førde tapte 23?19 i 1. divisjonsoppgjeret borte mot Viking TIF. Til pause stod det 10?8 til Viking TIF. Etter kampen i Haukelandshallen har Førde-damene tre poeng, og ligg på 9.-plass på tabellen.
2017-10-12 20:07:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Køyrde i 86 km/t i 50-sone NRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra mista førarkortet etter at han køyrde i 86 km/t i ei 50-sone på Byrkjelo. Det melder politiet på Twitter.
2017-10-12 19:07:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tok med amfetamin frå SpaniaNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 20-åra frå Nordfjord er dømd til fengsel i 45 dagar på vilkår, for to tilfelle av båttjuveri og for å ha ført båt i rusa tilstand. Han får heller ikkje føre båt eller ta båtlappen i løpet av dei neste 15 månadene. I tillegg er han og dømd for å ha innført 0,6 gram amfetamin frå Spania. Samstundes har han og brukt tre ulike, ulovlege narkotiske stoff. Nordfjordingen vedgjekk alle forholda då han møtte i retten.
2017-10-12 16:38:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uviss årsak til dødsulukkeNRK Sogn og Fjordane
Politiet kan framleis ikkje seie noko om årsaka til drukningsulukka i Krakhellesundet i Solund i går. Dette var den andre dødsulukka på få veker ved dei to skipsvraka ved Seglsteinen. Det djupaste vraket ligg på 60 meter. Politiet opplyser at dei i dag vil avhøyre tre vitne i saka.
2017-10-12 15:07:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Snøføre på fjellovergangarNRK Sogn og Fjordane
Statens vegvesen anbefalar vinterdekk på fjellovergangane i Sør-Norge. Det er bar vei nokre stadar, men Sognefjellet og Valdersflya har snødekke. Det er og meldt om snøslaps på Hardangervidda, Strynefjellet og på Venabygdsfjellet.
2017-10-12 12:53:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Direktesending om statsbudsjettetNRK Sogn og Fjordane
Direktesending om statsbudsjettet
2017-10-12 12:32:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vidareførar støtta til avissenterNRK Sogn og Fjordane
Nynorsk Avissenter i Førde, som utdanna nynorskskrivande journalistar, får ein liten auke i støtta i forslaget til statsbudsjett. I forslaget ligg dei inne med eit tilskot på 2,83 millionar kroner, mot 2,77 i år.
2017-10-12 11:52:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fjalerbu fekk gladmeldingNRK Sogn og Fjordane
Ein mann frå Fjaler vart onsdag kveld 2,7 millionar kroner rikare under trekninga i Viking Lotto. ? Å steike! Det var ein kjekk beskjed å få på kvelden du, sa han då Norsk Tipping ringde med gladmeldinga. Kva pengane skal gå til er uvisst.
2017-10-12 11:29:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Statsbudsjettet 2018 direkteNRK Sogn og Fjordane
Her kan du følgje regjeringa sin presentasjon av framlegget til statsbudsjett for neste år.
2017-10-12 08:49:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nedgang for GaularfjelletNRK Sogn og Fjordane
Færre trafikantar køyrde over Gaularfjellet i år enn i fjor. I høgsesongmånaden juli ? køyrde det i år i snitt 407 køyretøy over Gaularfjellet kvart døgn samanlikna med 484 i fjor, skriv Sogn Avis. Strekningsansvarleg for nasjonal turistveg Gaularfjellet, Therese Ruud, i Statens vegvesen seier til av avisa at nedgangen er naturleg då det nye utsiktspunktet som opna i fjor nok drog litt ekstra folk det første året.
2017-10-12 07:22:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

ActiveSystems - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.